Flott gåve frå Rygjabø til Colombiaprosjektet!

Rygjabø

For fjerde året på rad, overrekte elevane ved Rygjabø VGS resultatet av Operasjon Dagsverk til Colombiaprosjektet. Heile 30.300 kroner vart resultatet av årets aksjon. Elevane samla inn halvparten av beløpet, mens skulen la like mykje til. Det er ein fantastisk innsats elevrådet og elevane ved Rygjabø har gjort. Og pengane kjem vel med for ungane i krigsområdet i Colombia. Rygjabø står for ca. 10% av inntektene til dagsenteret i San Vicente. Biskop Tito mottok pengane under juleavslutninga. Han var svært glad for gåva og roste elevane og skulen for innsatsen. Han fekk også oppleve lærerane ved Rygjabø framføra ein flott song for elevane. Dei fekk velfortent trampeklapp for framføringa.

 

 
 
Tilbake til nyheter.
Elevrådet på Rygjabø saman med biskop Tito.