Hvem er Tito Jesus Mora Esguerra?

Han er født 040139 i Tenza, Boyaco, Colombia. Tito er eldst i
ein søskenflokk på 8. Dei var 4 gutar og 4 jenter der dei er
annankvar gut,jente,gut o,s,v. Familien flytta til hovedstaden
i Colombia, Bogota når Tito var 10 år.

Tito såg som liten at katolikkane sikta dei som hadde andre meiningar enn dei. Dette gjorde inntrykk på Tito. Han kom over ei bok Luther og Calvin og det vaks fram eit kall hjå han om å bli prest. Men det var tungt for han å bryte med den lokale kyrkja og familien likte ikkje at han ville bli prest for eit anna kyrkjesamfunn enn den katolske. Han hadde ein som rådgav han å gå inn i den anglikanske kyrkja. Og det viste seg at det var ingen colombianerar i den anglikanske kyrkja. Denne kyrkja var det amerikanerane i Colombia som "dreiv". Men dei tok i mot Tito med åpne armar og dei sende han til Puerto Rico, USA for å studere teologi( læra om Gud ). Tito var 20 år når han skifte frå den katolske kyrkje til den anglikanske. Og han studerte teologi i frå 1960- 1966. I denne tida vaks frihetsteologien fram i Latin - Amerika. Tito seier at dette gjorde sjølvsagt inntrykk på han, men han presiserer at det er ikkje noko anna evangelium enn Jesus Kristus. Men på same måten som de er påverka av bedehuskulturen så er han påverka av "sine reiser", men kan me samarbeide så vil me kunne læra av kvarandre.

Etter teologistudiet blei Tito kalt til Ecuador som diakon, her starta han sin virksomhet i praksis. Det blei ein tung start for Tito han fekk liten respons på det han sa og på det han gjorde. Han merka at folk sovna under talane, men dei gav han ros etterpå. Heilt til ei dame kom til han og sa: " Gi meg først suppe og så kan du få gi meg alt om Jesus" Dette traff Tito, han gjekk heim og tenkte med seg sjølv at enten så får han slutte som prest eller så må noko skje. Han åt ikkje og sov ikkje på 3 døgn og det endte med beslutningen om å flytte til slummen og dele alt med dei fattige. I tillegg så gjekk han å heiv alle sine bøker i søpla untatt Bibelen. Dette førte til eit heilt anna liv, men den første tida var hard og han blei raskt sjuk. Men han kom over det og dei gjorde raskt framgong i arbeidet og han merka no at Gud var svært nær. Med dette var Tito født på ny. Tito seier: "At skal du bli ein læresvein av Jesus Kristus så må du bli født på ny, og det er smertefullt. Det kan samanliknast med ei kvinne og hennar smerte når ho føder eit barn. Men når det har skjedd så er du fri og har del i oppstandelsen, Joh 3,1-21 og Rom 6, 1-11. I Ecuador samarbeidet Tito mest med den kvinna som utfordra Tito og med ein amerikansk misjonær.

Tito flytte tilbake til Colombia i 1970 og var først i Cali i 8 månader, så i Bogota i 6 mnd før han flytta til Barranguillia i 1972. Dette er ein by som ligg ved det karibiske hav og er den 4'de største byen i Colombia etter Bogota, Meddelin og Cali. Her jobba Tito for dei fattige fram til juli 2000 då dei klarte å få sendt han til Norge. I løpet av dei 28 åra Tito jobba i Barranguillia blei han fengsla over 20 gonger, to av "hans" prestar blei likviderte ( Donaldo Beleno, Paulo Ariza)han såg ufatteleg mykje lidelse. Men hans kall er å vere ein stemme for dei stemmelause. Tito ville sjølv ikkje reise frå sitt bispesete, men alle dei næraste sa at det var betre og han i live enn på kyrkjegarden. Tito ba til Gud om at han fekk sende han til det landet som Gud ville. Det blei Byhaugen, Stavanger, Norge.

Tito kom til Norge i juli 2000 og han starta straks å bruka stemmen sin for dei fattige.

2 Kor 8,7-15

Tilbake til hovedside