DET GODE LIV…

Det gode liv for meg er:     -vener

                                         -familie

                                         -tryggleik

                                         -til gang på mat, skule, klede o.s.v

Eg er oppvaksen med familie, ein familie som bryr seg om meg og støttar, ein familie som er glad i meg og stolt, ein familie som tek vare på meg, ein familie som gjev meg det eg treng.

Eg er oppvaksen med besteforeldre, besteforeldre som tek vare på meg, som er tilgjengelig, som har passa på meg, når eg ikkje ville gå i barnehagen, barnehagen var det verste eg visste då eg var liten.. Eg sette ofte fingeren i halsen og venta på at farmor skulle komme og hente meg.. Kor mange er det som kan gjer det i verda i dag?

Eg har venner som støttar meg, som er glade i meg, som stolar på meg, og som tek meg for den eg er, og som har hjelpt meg i motgang og medgang.. Det er ikkje alle som har venner, slik som eg har.. Men likevel ville far min, at eg skulle vere med til Colombia for å sjå korleis det verkelege liv er..

Han meiner det at ungdommen i dag, tenkar for mykje på seg sjølve, og at me tar alt som sjølvsagt, F.eks at me får data, at me får pengar til å shoppe dei dyraste kleda, og alt me tenkar på er at me må få det flottaste og det finaste og du veit ikkje kor godt du har det eigentleg... Eg sa til han, at det er ikkje slik som du trur!

 Eg bestemte meg for at eg skulle vere med til Colombia for å sjå om dette var verkeleg sant, og far min håpa på at han skulle få ut noko av meg på denne turen..

Og nå skal eg fortelja litt om korleis eg opplevde det..

1 oktober 2005, det var då det heile starta.. 5 trøytte tryne stod og venta på bussen, frå hotellet til flyplassen.. Det var eg og fire menn som skulle reise. Korleis skulle dette gå?.. Gutane på tur og meg.. Men det blei aldeles ikkje gale..  Men det var mannfolk med humor, så dette skulle gå bra.

Då me kom til flyplassen, skjekka me inn, me var litt skeptiske med all bagasjen, for me fekk berre lov å ha me oss 20 kilo kvar.. Alt gjekk bra.. Det var ein halv time til flyet skulle gå, me skulle først ta fly til Frankfurt, deretter skulle me fly frå Frankfurt til Caracas og så frå Caracas til Bogotà Colombia..  Dette skulle bli ei lang reise.

Då me landa i Frankfurt måtte me bare springe, me hadde 3 kvarter på oss til flyet skulle gå… 

” det er nå klart til om bord stigning i flyet som skal til Venezuela” Ropa dei i høgtalaren, på både engelsk og tysk.. Pappa blei stressa

Då me steig om bord i flyet, var det folk frå alle kulturar. Flyet var kjempe stort.. Det var både første klasse, buisness klasse og økonomi klassen..

Det tok 10 timar til Venezuela, men det gjekk over allforventning.. Me landa i 30 grader og såg gribbar som flaug i lufta.

Me måtte vente i 4 timar i Venezuela, men det gjekk bra, for det var så mykje å sjå på.

Då me landa i Bogotà, var magen minn full av sommarfugar. Eg har ikkje nokon gong vore så spent før. Då me hadde fått bagasjen og vore gjennom alle sikkerheitskontrollar, blei me møtt ute på flyplassen med eit stort smil. Det var Alfredo, og familien hans, Inghild og tolkaren vår Laudi. Dei hadde kome for å ynskje oss hjarteleg velkommen, til Colombia.

Første dagen i Colombia blei eg møtt med ei sol som skein inn i vindauge. Ute var det kaldt ennå, me var trass alt opp i 2600 m.o.h. Det første oppdraget me skulle ut på var å opne eit bakeri. Det skulle eg gjere.. Me skulle køyre frå nord i Bogotà til heilt sør i byen.. Det var kronglete vegar, og det lukta eksos..  

Det var då eg forstod kor rik eg var. Eg hadde aldri i heile meg liv følt meg så rik. Då eg steig ut av bilen, kom det springande bort ei jente til meg og spurde om eg kunne vera fadderen hennar, og om eg kunne gje henne pengar. Folka i landsbyen, hadde laga eit heilt program berre for me skulle komme, det føltes ut som om dei trudde at me var kongelege, men me var berre nokre folk  frå Finnøy i litle Noreg som kom.

Då eg skulle fram og presentere meg sjølv, fekk eg tårer i augo.. Eg såg at dei var kjempeglade, mykje gladare enn kva me er, men likevel såg du i augo deira at det var noko som ikkje var heilt bra.. Dei takka oss for at me var så snille og ville hjelpe dei, og eg ser at det nyttar og hjelpe.

Dei 2 andre dagane me var i Bogotà, var me på mange møter, blant anna var me i Regjeringa, Kongressen. Då me var i Kongressen måtte me vente i ein time før me kom inn. Eigentleg fekk me ikkje lov, for det hadde kome ein  bombe trussel,.

 På gatene utanfor bygget gjekk det 2 heile grupper med soldatar med store maskingevær. Midt i vegen stod det ei gammal dame og tigga.. Slik skal det ikkje vera stod eg og tenkte.. Me fekk endeleg sleppa inn, men me måtte ta bak vegen.

Dagen var kome, me skulle reise til San Vicente. Eg grua meg, for eg hadde høyrt så mykje negativt snakk om byen og det gjorde meg redd.. Pappa sa at det behøvde eg ikkje, dei er så flinke til å passa på oss at det skal gå bra. Me var 8 som skulle reise, det var meg, pappa, Steinar, Jan- Gunnar, Antonio, Inghild og Laudi..

Først skulle me ta fly til Naiva. Der skulle me vente på fly til San Vicente.. Då me skulle gå igjennom tollen, møtte me ein full Colombianar og ein kokain mann. Eg følte meg ikkje heilt vell. Kokain mannen var Indianer. Det kom grøn røyk når han snakka.. Han ville ta bilete  saman med meg og Inghild. Eg nølte, Alfredo sa at eg måtte og at det var ikkje farleg.. Han fulle Colombianaren byrja å ville ta på meg. Då var det bra at pappa var der. Eg gøymde meg bak han.. Flyet var lite og, så lite at me kunne sjå rett inn til kapteinen. Til slutt braut eg saman. Eg var redd, eller eg var ikkje akkurat redd, men det var berre ekkelt.. det er ein heilt anna kultur enn i Noreg. I Noreg hadde dei ikkje sluppe inn ein mann, full av kokain blader  munnen. Det er bare sånn kulturen er her, fekk eg beskjed om. Dunk der landa me.

Då me steig ut av flyet, blei me møtt av mange soldatar og alle stod å stira på deg, det var ganske sterkt, det var så sterkt at eg byrja og grine.. Du såg at det var noko som ikkje stemde, det var enno krig det kunne du sjå.. Då forstod eg kor godt me har det her i Noreg.

Me blei køyrt i ein liten mini buss som skulle frakte oss der me skulle bu. Eigentleg skulle det vera ein heile laste bil full av soldatar som skulle passe på oss. Alfredo sa at dei kunne bare gå heim, for folket passa på oss,P det hadde han heilt rett i..

Me skulle bu i herberget til den katolske presten. Det første eg sa då eg kom var: Korleis skal eg greie å vere her i heile 5 dagar?.. men det blei aldeles ikkje slik eg hadde tenkt..

Dei dagane eg var i San Vicente, blei dei kjekkaste dagane i mitt liv, til no.. Eg blei kjend me mange nye folk. Ei av dei var ei jente som Lorena, ho var 15 år. Ho var eg med heile tida. Me hadde det kjempe kjekt i lag, ho blei som ei bestevenninne. Ingen kunne forstå at me hadde så kjekt i lag fordi, eg kunne ikkje spansk og ho kunne ikkje engelsk, men me greidde oss kjempe fint. Eg var me ho på skulen og såg korleis dei hadde det der. I Colombia er det ikkje alle som får skulegang. Då fann eg ut at me må ver litt meir takksam for at me for skulegang

Eg såg og korleis dei budde i Colombia. Det var ikkje slik som dei norske hus, varmt vatn og det heile.. Eg trur at me i Noreg bør vær meit fornøgd me slik som me bur.

Me var og såg på barnehagen prosjektet har starta, der blei me møtt med ungar som kom stormande i armane på oss, og gav oss ein god klem.. Der fekk dei t-skjorter, dei fekk og god norsk sjokolade.. Aldri i heile mitt liv har eg sett nokon blitt så glad for ein sjokolade før..  Me var og på ein skule, der var det 900 elevar som kom for å takke oss, og kor glade dei var for hjelpa me gav

San Vicente er hovudstaden til hæren… Det fortel litt korleis det er der nede.. Ein kveld då me var ute og dansa, var det to drap.. Konflikten var mellom  dei to by delane i San Vicente.. I Noreg har me fred, men i Colombia lever dei i krig kvar einaste dag.

Det viser kor godt og trygt me har det her i Noreg..

Då me skulle reise frå San Vicente, ville eg ikkje reise.. Eg hadde blitt så glad i folket der.. Det er ikkje nokon plass eg har følt meg så velkommen, som i San Vicente

Då me skulle køyre frå San Vicente, besøkte me ein liten landsby, som hadde bedd kvar einaste dag om at det måtte kome nokon som kjem i frå vesten og hjelpa dei. Me var dei første. Då forstod eg kor egoistiske me er i Noreg.

Då me hadde kome att til Bogotà igjen var alle trøytte og utslitne. Me gjekk berre og la oss, for i morgon ja då skulle me på ein liten velfortent ferie til Santa Marta.

Santa Marta var bare vakkert, me bada, slappa av og hadde det kjempe kjekt.. det var ei fin avslutning av turen..

Dette er det mest spennande eg nokon gong har opplevd, og eg lærte noko av turen. Pappa hadde nok rett. Eg trur at ungdommane i Noreg, ja vaksne og, tenkjer litt for mykje på seg sjølv, og ikkje på dei som ikkje har det så godt som me har det. Me veit eigentleg ikkje kor godt me har det.

Eg har blitt meir glad i vennene og familien min. Meir stolt av landet mitt. Og eg har funne ut at eg er Ein av dei som lever  ”det gode liv”.


Tilbake til nyheter.

Stil av Mari Rørtveit, Finnøy: