Tilbake til nyheter.

ØYVIND BERBERG PÅ BESØK

Øyvind Berberg besøkte Finnøy 26 og 27 juni. Han og kona Hilde har snart vore engasjert i arbeid for Colombia i 30 år. Det var spanande å høyre han fortelle om sitt arbeid i Colombia. Øyvind la ikkje skjul på at det var eit kall frå Gud som førte han til Colombia. Det var særleg sterkt å høyre Øyvind si fortelling om møte mellom han og Alfredo Torres, i fengslet i Bogota.

Ellers kunne Øyvind fortelje om korleis dei hadde starta opp arbeidet med menighetsplanting og om utviklinga. Fantastisk er det han har fått lov til å vere med på. Han har også drevet med rehabilitering av leiemorderar. Colombia er ikkje som Norge!! Du merkar at denne mannen har eit hjarta for dei som er i trøbbel – særleg er det rusmisbrukerar Øyvind har jobba med.

Øyvind har stor kunnskap om Colombia – dette fekk med gleda av desse dagane. Enten det er mikrokreditt, dagsenteret, gardsprosjekt eller flotte reisemål i Colombia.

Tusen takk Øyvind! Du var til stor inspirasjon for oss. 

Øyvind Berberg og biskop Tito.