Denne byen ligg i fylket Caqueta, sør i Colombia. Byen ligg i starten på Amazonasfjella og det er fantastisk frodig i områda her. Den største utfordringa for befolkningen i området er krigen. Området er kontrollert av Farc-geriljaen. Byen var senter for fredsforhandlingane, som desverre ikkje førte fram og San Vicente blei forlatt. Men ein som har hjelpt til i San Vicente er Alfredo Torres, gjennom han og Cristianos por la Paz har folket fått litt hjelp. Og gjennom Tito kom det triste budskapet frå San Vicente fram til Rogaland og 21. april 2003 kunne ein starte opp ein skule/ barnehage for born i alderen 3 7 år. Dette prosjektet har blitt svært godt mottatt av lokalbefolkningen og dei er takk-nemlege for den hjelpa som er blitt gitt frå Rogaland og då særleg frå Finnøy.

![]() |
||||
![]() |
||||
![]() |
||||
![]() |
||||
![]() |
||||
![]() |
||||
Byens ordførar heiter Edwin Valdes og er 29 år gammal og er staten sin mann. Dette gjer at han er svært utsatt og han har mange sikkerhetsvakter og går med skuddsikker vest. Hans drøm er å bidra til fred i området og han er svært glad for hjelpa som er gitt frå Cristianos por la paz og frå Norge.
Tito seier at dei fleste i Colombia kjenner til situasjonen i San Vicente og det er derfor dei har satsa så mykje på denne byen. Dei ønskjer å hjelpa folket til å kunna skapa fred. For å klare dette så er dei avhengig av hjelp frå andre og ditt bidrag kan bety mykje.

Vår mann i San Vicente heiter Alfredo Diaz, han er 53 år gammal, og er utdanna mekanikar. Han har mange jobbar for hæren i området, han blir av befolkningen i området sett på som den sosiale leiaren og nyt stor respekt. Han er gift med Carolina, som er leiar på dagsenteret. Begge gjer dei ein fantastisk innsats for dei svakaste i området. For oss som har vore i San Vicente, så var det fantastisk å få møta dette ekteparet og dei 4 borna deira, og sjå dei i aktivitet. Dei har enorme utfordringar og dei fortener vår støtte. Alfredo Diaz har tatt på seg mange oppgåver og fungerer også som helsesøster.
